Thursday, January 8, 2009

Fortvil ikkje

Fortvil ikkje, vesle menneske
Du kan ikkje enda all urett,
men kanskje har du vorte eit førebilete for andre

Sørg ikkje, vesle menneske
Du kan ikkje henta attende dei døde,
men kanskje har du gjort kvardagen betre for dei levande

Gråt ikkje, vesle menneske
Du kan ikkje redde heile verda,
men ser du deg attende
vil du sjå alle andleta som lyste opp i glede
fordi nærværet ditt gjorde ein skilnad

No comments:

Post a Comment